Utfordrar etablerte tilrådingar for traumebehandling

Funna frå Peter Sele sitt doktorgradsarbeid ved Modum Bad utfordrar etablerte tilrådingar om behandling av kompleks posttraumatisk stressliding etter barndomstraume. Fase-orientert terapi gav ikkje større utbyte enn to meir kortvarige alternativ. For mange kan direkte traumeminnearbeid vere det mest tenelege behandlingsvalet. Den 21. januar disputerer han for doktorgraden sin.

Nyhetsartikkel publisert 12/01/26

Funna frå Peter Sele sitt doktorgradsarbeid ved Modum Bad utfordrar etablerte tilrådingar om behandling av kompleks posttraumatisk stressliding etter barndomstraume.

Gjentekne barndomstraume i nære relasjonar, som seksuelle overgrep og vald, er knytta til utvikling av kompleks posttraumatisk stressliding (KPTSD). Både diagnosen og behandlingen har vore omdiskutert i fagfeltet.

Samanliknar tre modellar

Peter Sele har undersøkt pålitelegheita til eit spørreskjema for KPTSD og gjennomført ein randomisert, kontrollert behandlingsstudie av 92 vaksne pasientar diagnostisert med KPTSD etter barndomstraume. Studien samanliknar tre behandlingsmodellar, a) direkte traumeminnearbeid gjennom eksponering, b) ferdigheitstrening for å betre kjensleregulering og relasjonsproblem, og c) fase-orientert terapi med ferdigheitstrening etterfylgd av eksponering.

“Funna støttar bruk av eksponeringsterapi frå starten av behandling”

 

Støttar bruk av eksponeringsterapi

Funna støttar bruk av eksponeringsterapi frå starten av behandling. Direkte eksponering hadde større effekt på typiske PTSD-symptom (påtrengande gjenopplevingar av trauma, unngåing av traumepåminningar og oppleving av å vere i fare) enn fase-orientert terapi og ferdigheitstrening, og like god effekt på KPTSD-symptom (PTSD-symptom og i tillegg vanskar med kjensleregulering, negativt sjølvbilete og relasjonsproblem). Sjølv om det ikkje var skilnader undervegs i behandling, gav ferdigheitstrening brattare nedgong i tilleggssymptoma ved KPTSD enn eksponering etter behandling. Eksponering hadde betre effekt på depresjonssymptom og interpersonlege problem enn fase-orientert terapi, medan det ikkje var klare skilnader mellom fase-orientert terapi og ferdigheitstrening med omsyn til desse problema.

“Vi fann ingen tilleggseffekt av å kombinere ferdigheitstrening og eksponering”

 

Mot etablert oppfatning

Tanken om at samansette vanskar krev samansett og langvarig behandling ligg bak den vanlege tilrådinga om fase-orientert terapi for KPTSD. Forskingsfunna i denne studien går mot denne oppfatninga.
– Vi fann ingen tilleggseffekt av å kombinere ferdigheitstrening og eksponering, seier Sele.

“Pasientar med KPTSD kan vere betre tent med kortare eksponeringsbehandling”

 

– Det tilseier at pasientar med KPTSD kan vere betre tent med kortare eksponeringsbehandling med eitt primært fokus enn ein kombinasjon av fleire behandlingskomponentar for å dekke ulike problemområde.
Samstundes var det stor variasjon i utfall i alle dei tre behandlingane. Vidare forsking er naudsynt for å undersøke om individtilpassa val av behandlingstilnærming kan gje betre utbyte for fleire pasientar.

FAKTA

Peter Sele

Doktorand: Peter Halvard Voss Sele
Grad: Philosophiae doctor
Fakultet: Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Institutt: Psykologisk institutt
Fagområde: Klinisk psykologi
Veiledere: Tuva Øktedalen (hovudrettleiar) og Asle Hoffart (birettleiar)
Disputasdato: 21. januar 2026

Avhandlingens tittel: Treatment of Complex Posttraumatic Stress Disorder: Skills-training, Exposure, or both?

Les mer om disputasen her.
Les tidligere artikkel om Peter Seles forskning her.

 

12.01.26
infoleder@modum-bad.no

Share Button
Print Friendly and PDF