Eksponeringsterapi meir nyttig enn faseorientert terapi
Funn frå ein stor studie på kompleks PTSD ved Modum Bad viser at eksponeringsterapi er meir nyttig enn faseorientert terapi. Resultata braut med hovudhypotesa til forskarane, at faseorientert terapi skulle vere mest nyttig for denne pasientgruppa.
Overgrep, krenkingar og vald i barndomen kan påverke den det råkar i mange år etter sjølve hendingane. Når vanskane er uttalte, varer over tid og påverkar livskvalitet og funksjon, kan det gje grunnlag for diagnosen kompleks PTSD (sjå fakta side 6). Det er utvikla fleire behandlingsmodellar for kompleks PTSD, og Modum Bad har i ei årrekke hatt ulike behandlingstilbod, både ved traumepoliklinikken i Oslo og ved klinikken i Vikersund. Sjølv om diagnosen ikkje er uvanleg, har det mangla gode studiar og ein har visst lite om kva behandling som har best effekt.
Undersøkte tre modellar
Kompleks PTSD-studien undersøkte tre behandlingsmodellar for kompleks PTSD (sjå blå faktaboks under) og tok mål av seg å finne ut kva som verkar best for dei fleste. Alle behandlingane hadde god støtte i tidlegare forsking, men få hadde undersøkt dei side ved side, og ingen hadde gjort det med pasientar diagnostisert med kompleks PTSD.
Tilfeldig fordelt
Frå 2017 byrja vi å invitere pasientar og frå 2018 starta dei fyrste behandlingsgruppene. Det var frivilleg å vere med i studien. Dei aller fleste som var aktuelle takka ja og aksepterte å bli tilfeldig fordelt til ein av dei tre behandlingane. I alt 96 pasientar (32 i kvar behandlingsmodell) tok del i studien og mottok behandling, anten ved angstavdelinga eller traumeavdelinga i Vikersund.
Fordi faseorientert behandling er spesielt utvikla for problem som er typiske for pasientar med kompleks PTSD, venta vi at denne behandlinga kanskje var spesielt eigna for pasientgruppa. Men, verken vi eller fagfeltet visste.
Kva fann vi?
I motsetnad til kva vi hadde forventa, var det ikkje den faseorienterte behandlinga som hadde sterkast resultat på gruppenivå, men eksponeringsterapi brukt åleine. Effekten av ferdigheitstrening var også sterkare enn faseorienterte terapi, men svakare enn eksponeringsterapi. Eksponeringsterapi brukt åleine reduserte ikkje berre påtrengande traumeminne, unnviking av traumepåminningar og kjensla av å vere i fare (som vi hadde venta). Eksponering var også nyttig for å få betre kontakt med og styrke reguleringa av kjensler, og var effektiv for å endre negative sjølvbilete og redusere samspelsvanskar.
” I motsetnad til kva vi hadde forventa, var det ikkje den faseorienterte behandlinga som hadde sterkast resultat på gruppenivå, men eksponeringsterapi brukt åleine”
Støttar eksponeringsterapi
Funna i studien støttar eksponeringsterapi som behandlingsform ved Kompleks PTSD. Faseorientert terapi (i formatet vi undersøkte) var mindre nyttig, medan ferdigheitstrening åleine kan vere eit alternativ dersom eksponeringsterapi ikkje er tilgjengeleg, eller pasienten ynskjer ei anna behandlingsform.
“Ein sentral del av det vidare arbeidet vert å identifisere faktorar som kan synleggjere kva type terapi som er mest nyttig for kven”
Vegen vidare:
Det var store individuelle variasjonar i utbyte i alle dei tre behandlingsmodellane. Nokre hadde svært stort utbyte, andre hadde delvis utbyte. Ein sentral del av det vidare arbeidet vert å identifisere faktorar som kan synleggjere kva type terapi som er mest nyttig for kven.
All behandling inneheld ei rekke potensielt verksame prosessar, til dømes opplevinga av å bli møtt med empati av terapeuten, eller bruken av spesifikke terapeutiske teknikkar. Det rike materialet som er samla inn gjer at vi kan undersøke kva terapiprosessar som i størst grad er knytta til nedgang i symptom og plagar undervegs i behandling. Slik kan studien gje verdifull kunnskap til terapeutar og gjere behandling av kompleks PTSD endå meir målretta i framtida.
Ulike behandlingsformer for kompleks PTSD:
Ferdigheitstrening/stabilisering: Fokuserer på å styrke ferdigheiter som ikkje fekk tilstrekkeleg utviklingsrom på grunn av barndomstraume. Terapien rettar seg mot å betre evna til å handtere eigne kjensler og å endre fastlåste relasjonsmønster. Blant dei typiske behandlingselementa er undervising om kva effekt traume kan ha på utvikling, refleksjon over eigne erfaringar og vanskar, og øvingar eller rollespel for å tileigne seg nye strategiar. Slike behandlingsmodellar vert omtala som “ferdigheitstrening”, eller “stabilisering”.
Eksponeringsterapi: Fokuserer primært på invaderande traumeminne (t.d. mareritt eller tilbakeglimt om traumet) og å bryte unngåing. Terapirommet vert nytta som ein trygg stad der ein aktivt bearbeider minna om det som skjedde ved å leve seg inn i dei traumatiske hendingane igjen, men denne gongen med ein fot også i no-tid. I tillegg arbeider ein gjerne systematisk mellom terapitimene for å bryte langvarige koplingar mellom stimuli som minner om traumet og sterke kjenslereaksjonar (som frykt, skam, eller avsky). Det kan gjelde visse lydar, luktar, eller plassar som er assosiert til traumehistoria til den enkelte, men som ikkje reelt sett er farlege lenger. Desse behandlingsmodellane omtalast som “eksponeringsterapi”.
Faseorientert behandling: Kombinasjonen av ferdigheitstrening og eksponering i eit to-delt behandlingsopplegg vert omtala som “faseorientert behandling”. I fyrste fase er fokuset å styrke sosiale og kjenslemessige ferdigheiter, før ein i andre fase arbeider med eksponering for traumeminna. Ved å arbeid med ferdigheitstrening fyrst, er tanken at ein vil ha større nytte av det påfylgjande traumeminnearbeidet.
Skrevet av: Peter Sele
Les hovedartikkelen fra CPTSD-prosjektet her.
Teksten er hentet fra Badeliv nr 2/2022.
Ønsker du nyheter fra Modum Bad? Abonnér på vårt nyhetsbrev her.