Forskningssymposium i Oxford
Modum Bad sitt forskningsinstiutt arrangerte i mars eit felles forskningssymposium med Universitetet i Oxford ved Magdalen College i England. – Symposiet tok for seg sentrale utfordringer innan psykisk helse i dag og korleis forsking kan bidra til å gje viktige svar, seier forskingsleiar Peter Sele.

Våre forskarar i Oxford: Maren Kopland (fra venstre), Linne Melsom, Mikkel Eielsen, Roland Westerlund, Karine Frost, Joanna Rzadkowska, Ingvild Finsrud, Ingunn Holbæk og Peter Sele.

Peter Sele
– Ei utfordring innan psykisk helse er det aukande gapet mellom behandlingskapasitet og behovet for helsehjelp, seier fungarande forskingsleier Peter Sele.
Andre behov er skreddarsaum av behandlingsopplegg tilpassa den enkelte, betra forståing av dei individuelle prosessane som opprettheld psykiske lidingar, og behandling av komplekse tilstandar.
Digitale løysingar kan nå fleire
Bruk av hyppige målingar av symptom og underliggande lidingsmekansimar, digitale intervensjonar og kunstig intelligens vil prege utviklinga framover.
– Symposiedeltakarane såg ikkje for seg at dette vil utkonkurrere tradisjonell terapi i anlet-til-anlet, men heller kunne supplere og gjere den meir verksam, seier Sele.
“Gjennom bruk av digitale plattformar kan kvalitetssikra behandlingstiltak bli tilgjenglege for fleire”
Gjennom bruk av digitale plattformar kan kvalitetssikra behandlingstiltak bli tilgjenglege for fleire, uavhengig av opningstider i klinikken og geografisk plassering.– Dette er eit felt ofte omtalt som skalerbare intervensjonar, forklarar Sele. Maskinlæringsmetodar utvikla frå historiske pasientdata, kan gje nyttig informasjon rundt vurderingar som til no har vore basert på klinisk skjønn åleine.
– Til dømes val av behandlingstilnærming for den enkelte, eller behovet for å gjere endringar i behandlinga undervegs. persontilpassa behandling.

Hovudpresentasjonen på symposiet vart halde av professor David Clark ved Oxford.
Kunnskapsbasert behandling
Hovudpresentasjonen på symposiet vart halde av professor David Clark ved Oxford. Han belyste den betydelege samfunnsnytta av brei tilgjengleggjering av kunnskapsbasert psykologisk behandling.
– Konstituert direktør ved Modum Bad, KariAnne Vrabel, introduserte vårt mangeårige arbeid innan psykoterapiforsking og dagsaktuelle forskingsområde.
Programmet veksla vidare mellom faglege presentasjonar og panelsamtalar med forskarar frå Modum Bad og britiske kollegaer.

Konstituert direktør ved Modum Bad, KariAnne Vrabel.
” Forskarar med felles forskingsinteresser møttes og fekk utveksle forskingsidéar”
Utveksla forskingsidéar
Verten for symposiet ved det historiske colleget i Oxford, Omid Embrahimi, hadde satt saman eit framifrå program der forskarar med felles forskingsinteresser møttes og fekk utveksle forskingsidéar.

Konstituert direktør KariAnne Vrabel saman med forskar Omid Ebrahimi ved Oxford som starta si karriere som forskar og klinikar ved Modum Bad.
Omid starta karriera si som forskar og klinikar ved Modum Bad og arbeider primært ved universitet i Oxford no.
– Hans nære kjenneskap til forskingsmiljøa begge stader var sentral for det som vart eit svært interessant og gjevande symposium -og som opna dørene for nye forskingssamarbeid framover, seier Sele.
30.04.26
info@modum-bad.no

