Barndomstraume varer langt inn i vaksenlivet

Modum Bad samanliknar ulike behandlingsalternativ for Kompleks PTSD i ein ny studie. Det er framleis ope for rekruttering av nye pasientar.

Nyhetsartikkel publisert 13/12/18

Psykologspesialist Peter Sele samanliknar ulike behandlingsalternativ for Kompleks PTSD i ein ny studie. Det er framleis ope for rekruttering av nye pasientar. Illustrasjon: Grete Edland Westerlund.

 

31.03.21
Denne artikkelen er fra 2018. Vi rekrutterer ikke lenger pasienter til den omtalte studien. 

Barndomstraume er vanlegare enn vi har trudd. Det syner undersøkingar i Noreg. For å gje god hjelp, samanliknar Modum Bad no tre gode og verksame behandlingar.

Psykologspesialist Peter Sele.

Mange personar med barndomstraume slit med etterverknader langt inn i vaksenlivet. Dei som har opplevd vald og seksuelle overgrep får ofte påtrengande draumar og tilbakeglimt av sjølve hendingane, utviklar unngåing av påminningar om det som har skjedd, og går med ei vedvarande oppleving av å framleis vere i fare.

Skjulte tap

Samstundes ber barndomstraume også med seg meir skjulte tap. Sentrale utviklingsvegar frå barn til vaksen vert råka og endra. For det fyrste handlar det om å skulle bli kjend med eigne kjensler. For desse barna må det skje i eit miljø der andre har ignorert kva barnet eigentleg kjenner og vil. So handlar det om å skulle skape eit positivt sjølvbilete. For desse barna må det skje ut frå eit miljø der andre gjenteke har påført skuld og skam. Til sist handlar det om å skulle lære at andre vil ein vel og er til å lite på når ein treng dei. Men for desse barna må det skje ut frå eit miljø der nokre vaksne har skadd barnet direkte og andre har late vere å beskytte det.

«Kva er so den rette hjelpa for å kome
vidare frå ei slik historie?»

 

Inn i vaksenlivet

Vi veit at mishandla barn strevar med å regulere kjensler og å ta den andre sitt perspektiv i samspel, til dømes når dei treng å løyse konfliktar med jamnaldrande. Dei leikar og utforsker omgjevnadene mindre, og dei viser mindre positive kjensleuttrykk. Vi veit også at dersom barn ikkje får hjelp medan dei framleis er barn, kan slike vanskar bli med inn i vaksenlivet. Det kan kome til uttrykk som vanskar med å etablere nære venerelasjonar og å fungere i parforhold eller jobb. For mange vil difor vaksenlivet by på nye tap og utfordringar på viktige livsarenaer, heller enn reparasjon av gamle sår og nye sjansar.

Kva er rett hjelp?

Kva er so den rette hjelpa for å kome vidare frå ei slik historie? Ein veit mindre om behandling av etterverknader av barndomstraume enn traume i vaksen alder. Spørsmål om val av behandlingsmodell er omstridd i fagfeltet. Vi har ulike behandlingsalternativ som er synt nyttige. Men, det er framleis for mange som berre har delvis nytte, eller opplever lite endring etter behandling. Difor er det avgjerande både å få kunnskap om kva behandlingsmetode som er mest nyttig for denne pasientgruppa generelt, kva metode som vil passe best for kvar einskild person, og å forstå kvifor ulike behandlingar verkar. Dei fyrste to spørsmåla opnar for å gjere gode og individuelt tilpassa behandlingsval, det siste for å gjere sjølve behandlingsmodellane betre. Å kome vidare med desse spørsmåla krev at ein samanliknar gode og verksame behandlingar direkte med kvarandre.

“Vi veit at mishandla barn strevar med å regulere kjensler
og å ta den andre sitt perspektiv i samspel”

 

Samanliknar behandlingar

Kompleks PTSD-prosjektet ved Modum Bad er ein studie som gjer dette. Til saman 96 pasientar som er tilvist til oss vert invitert med i studien. Sjølve behandlinga skjer etter uttrekking til eit av tre behandlingsalternativ. Den fyrste behandlingsmetoden er Forlenga Eksponeringsterapi, ein terapimodell der ein jobbar direkte med å imøtegå frykta situasjonar og påtrengande minnebilete av trauma. Den andre er Stabilisering ved hjelp av STAIR, eit ferdigheitstreningsprogram for å betre regulering av kjensler og relasjonelle vanskar her-og-no. Den siste, STAIR + Narrativ Terapi, er eit to-trinnsprogram der stabilisering vert etterfylgd av eksponeringsterapi.

Alle pasientar kjem i grupper på åtte til ni personar. Dei får ein kombinasjon av individualterapi, miljøterapi og grupper. Dei fyrste pasientgruppene starta si behandling i april i år, og nye grupper vil gjennomføre behandling i laupet av 2019.

Samarbeid forsking og klinikk

Kompleks PTSD-prosjektet kviler på tett samarbeid mellom forsking og klinikk. Rekruttering og behandling føregår på to avdelingar, Avdeling for angstlidingar og Avdeling for traumelidingar. Begge desse avdelingane har lang erfaring med behandling av traumerelaterte psykologiske vanskar, men etter ulike modellar. Sjølv om mykje er likt på tvers, er det dei grunnleggande skilnadene i behandlingsmodell som opnar for ny kunnskap i denne studien.

Viktig kunnskap

Erfaringa so langt er at forsking er krevande, men også bygger bruer i ein organisasjon som vår, der vi står saman om å løyse små og større utfordringar. Utsiktene til å kunne kome tilbake med viktig kunnskap for dei mange som treng hjelp til å kome vidare i livet etter ein utrygg barndom, inspirerer og motiverer oss i dette arbeidet.

Tekst: Peter Sele

Ønsker du å delta – kontakt: peter.sele@modum-bad.no
Ønsker du mer informasjon om prosjektet? Les om det her.
Her finn du lenke til søknadsprosedyren vår.

 

13.12.18
infoleder@modum-bad.no

Share Button
Print Friendly and PDF