Når valden vert ein vond sirkel

Menn er overrepresenterte på statistikkar over valdsutøvarar. Mange valdsepisoder skjer i rus. Korleis starter denne vonde sirkelen?

Nyhetsartikkel publisert 29/09/15

SKYGGER

Menn som har vore utsette for vald i barndomen har ein høgare risiko for sjølv å utøve vald som vaksne enn andre. Mange valdsepisoder skjer i rus.

 

Peter Sele, psykolog ved Modum Bad, Avdeling for traumelidelser.

Peter Sele, psykolog ved Modum Bad, Avdeling for traumelidelser.

Forskarar ved Nasjonal Kompetansesenter for Vold og Traumatisk Stress peiker på fleire studiar som syner at menn som har vore utsette for vald i barndomen har ein høgare risiko for sjølv å utøve vald som vaksne enn andre (Askeland, 2015).

Vald i rus
Ein veit også at mange valdsepisoder skjer i rus. Ei SIRUS-undersøkring (Lund, 2014) frå i fjor rapporterte at kvinner som oppsøker krisesenter etter partnervald i over halvparten av tilfella fortel om ein mann som slo i rusa tilstand. Kvifor er det slik? Kan ubearbeida opplevingar frå eigen barndom, og måten ein del menn forsøker å handtere dette på, vere del av svaret?

Kvalitet på tidleg omsorg
Nyare forsking på samhandlinga mellom gener og tidleg omsorg kan hjelpe oss å forstå nokre av dei underliggande mekanismene. Michael Meaney og hans forskingsgruppe har gjennom ein serie av dyrestudiar synt at utviklinga av stress-responssystemet (Diorio & Meaney, 2007) og vår evne til å regulere stress, er sterkt knytta til kvaliteten på omsorgen vi får tidleg i livet. Og at spora etter tidleg omsorg kan sjåast igjen også når vi vert vaksne. Dei som opplever ulike formar for manglande omsorg vil oftare ha eit overaktivt stress-responssystem (ein overaktiv indre ”røykvarslar”). Konsekvensen kan vere at ein både oftare opplever omgjevnadene som trugande, og får ei dårlegare evne til å samle seg igjen etter at stressystemet har vore aktivert. Korleis kan dette skje?

Regulering av stress

Forklaringa i Meaney sine studiar underbygger at tidlege omsorgserfaringar kan ”slå av og på” gener som er involvert i reguleringa av stress, det ein omtalar som epi-genetiske faktorar. Slik kan omsorgskvalitet påverke kva del av genmaterialet vårt som kjem til uttrykk og ikkje, og anten verke som ein beskyttelse eller risiko for vår evne til å handsame påkjenningar seinare i livet.

Tidleg mishandling og vald kan gjere det vanskelegare å regulere indre aktivering, til dømes sterke kjensler som vaksen. Når det er vanskeleg å forstå og regulere eigne kjensler og reaksjonar, kan svaret for nokre verte å søke ytre, destruktive kjelder for å oppnå indre regulering, til dømes rus.

Manglande kjensletilgang

Også frå forsking veit ein at det er ein samanheng mellom tidlege traumer og seinare rusmisbruk. Dette gjeld for begge kjønn. Ein interessant studie tyder på at det kan vere nokre viktige skilnader og at vegane dit kan vere ulike for menn og kvinner. Medan aukande rusbruk hos traumatiserte kvinner syntes å ha samanheng med manglande kontroll over impulsiv åtferd, syntes den mellomliggande faktoren for menn snarare å vere manglande kjensletilgang (Bornovalov et. al, 2009).

Innestengd sinne?
Er det slik at nokre traumatiserte menn som ”ikkje har kjensler” faktisk forsøker å meistre kjensler som trugar med å overvelde dei ved å stenge heilt av? Og kan rus vere eit middel dei søker for å oppnå dette, men som paradoksalt samstundes svekkar kontrollen og gjer at innestengd sinne lettare kjem til uttrykk, og i mangel av ord, som ny vald? Kva må vi so gjere for å hindre at gutar som har vorte slått vert menn som slår, og at menn som har slått ikkje gjer det igjen? Forklaringane er samansette og det må også svaret vere.

Skape trygge relasjonar
Det står uansett igjen at det å førebygge gjennom å sjå og hjelpe barn som vert utsatt for vald er ikkje berre er avgjerande hjelp for barn her og no. Truleg vil det også vere ei investering i å hindre vald, rus og nye traumer i samfunnet seinare.

Barna må vi hjelpe ved å skape varige, trygge relasjonar til andre slik at det vert mogleg å reparere skadene dei ber på. Den vaksne som slår eller rusar seg må få hjelp til å finne ord til indre tilstandar, og nye måter å handtere eigne kjensler på. Eit godt nettverk og terapi som også er retta mot det vi ikkje ser på overflata, men som adresserer ”det som ligg under” rusen og valden, er avgjerande for tilhelinga.

Tekst: Peter Sele, psykologspesialist
Foto: Unni Tobiassen Lie, infoleder
Artikkelen er hentet fra Badeliv nr 1/2015.

Ønsker du å lære mer om traumelidelser? Meld deg på Modum Bads konferanse om traumer i Oslo 30. oktober 2015.

 

Referansar:

Askeland, I. R. Men voluntarily in treatment for violent behavior against a female partner: who are they?, doktorgrad, UiO, 2015

Bornovalov, M.A., Ouimette, P., Crawford, A.V. & Levy, R. ( 2009). Testing gender effects on the mechanisms explaining the association between post-traumatic stress symptoms and substance use frequency Addictive behaviors, 34, 685-692

Diorio J, Meaney MJ (July 2007). “Maternal programming of defensive responses through sustained effects on gene expression” (PDF). J Psychiatry Neurosci 32 (4): 275–84.

Lund, I.O.. Characteristics of a national sample of intimate partner violence (IPV) victims: Associations between perpetrator substance use and physical IPV, Nordic Studies on Alcohol and Drugs. Volume 31, Issue 3, Pages 261–270, ISSN (Online) 1458-6126, DOI: 10.2478/nsad-2014-0021, June 2014

 

Share Button
Print Friendly and PDF